Hjå oss i Sogndal er du som pasient i hovudfokus

Blid resepsjonist i Sogndal

Colosseum Tannlege Sogndal vart starta i 2004 av Tormod Øvrebø, John Svanevik og Per Norstein. Tormod, John og Per starta opp klinikken med ønskje om større arbeidsmiljø og brei fagleg kompetanse.

Eit breidt behandlingstilbod

Hjå oss får du hjelp av dei dyktige tannlegane våre til ordinær tannbehandling, estetisk tannbehandling, rotbehandling med mikroskop, kirurgisk tannbehandling og implantatbehandling. Tre av tannlegane har godkjent kompetanse for implantatprotetikk. Tannpleiaren kan hjelpe deg med undersøking, røntgendiagnostikk, fjerne misfarging og tannstein, førebygge karies og tannkjøtssjukdom, behandle tannkjøtssjukdom samt tannbleiking. Du kan også få CBCT-røntgen (3D- bilde) og OPG-panoramarøntgen.

Visdomstenner

Visdomstennene er dei siste tennene me får. To i overkjeven og to i underkjeven. Nokre kan begynne å få visdomstenner frå dei er 18 år, men dei fleste får dei seinare i 20-åra.

Desse tennene er dei mest uforutsigbare me har. Nokre har ikkje anlegg for visdomstenner i det heile, medan andre berre har anlegg for ei eller to. Mange anlegg blir berre liggjande inni kjevebeinet og kjem aldri fram.

Skulle du ha behov for å fjerne ei smertefull visdomstann, så har me tannlege med spesialkompetanse i kirurgi. Han kan m.a. fjerne kompliserte visdomstenner og sette inn implantat.

Akuttbehandling

Du vil alltid få hjelp på dagen. Klinikken er open heile sommaren, og me har vaktordning for faste pasientar i jul og påske.

Pasienten i fokus

Hjå oss er du som pasient i hovudfokus og me gjer alt me kan for at du skal få ei god oppleving. Du får alltid god hjelp av flinke og omsorgsfulle tannlegeassistentar og resepsjonist.

Har du behov for å sjekke tennene?
Bestill time i dag!